Norsk petroleumshistorie

Ved utgangen av 1950-åra var det svært få som trudde at norsk kontinentalsokkel skjulte olje- og gassrikdommar. Men gassfunnet i Groningen i Nederland i 1959 førte til ny optimisme om petroleumspotensialet i Nordsjøen.

I oktober 1962 sende Philips Petroleum eit brev til styresmaktene i Noreg og bad om løyve til å leite i Nordsjøen. Selskapet ville ha utvinningsløyve for dei delane av Nordsjøen som låg på norsk kontinentalsokkel. Tilbodet var på 160 000 dollar per månad, og blei sett som eit forsøk på å få eksklusive rettar. Det var utenkjeleg for styresmaktene å overlate heile sokkelen til eitt selskap. Dersom områda skulle bli opna for leiting, måtte fleire selskap inn.

I mai 1963 proklamerte regjeringa suverenitet over den norske kontinentalsokkelen. Ei ny lov slo fast at staten var grunneigar, og at berre Kongen (regjeringa) kunne gi løyve til leiting og utvinning. Sjølv om Noreg hadde proklamert suverenitet over store havområde, stod det igjen nokre viktige avklaringar om avgrensing av kontinentalsokkelen, først og fremst mot Danmark og Storbritannia. I mars 1965 blei det gjort avtalar om avgrensing av kontinentalsokkelen på basis av midtlinjeprinsippet, og første konsesjonsrunde blei kunngjord 13. april 1965. Det blei tildelt 22 utvinningsløyve for 78 blokker. Den første leitebrønnen blei bora sommaren 1966, men viste seg å vere tørr.

Med funnet av Ekofisk i 1969 begynte det norske oljeeventyret for alvor. Produksjonen frå feltet tok til 15. juni 1971, og i åra etter blei det gjort fleire store funn. I 1970-åra var leiteverksemda konsentrert om Nordsjøen, men gradvis blei sokkelen nordover også opna for oljeverksemd. I kvar konsesjonsrunde blei det berre kunngjort eit avgrensa tal blokker, og dei områda som såg mest lovande ut blei undersøkte først. Det førte til funn i verdsklasse, og produksjonen frå den norske kontinentalsokkelen har vore dominert av desse store felta. Dei fekk namn som Ekofisk, Statfjord, Oseberg, Gullfaks og Troll. Desse felta har vore, og er framleis, svært viktige for utviklinga av petroleumsverksemda i Noreg. Desse utbyggingane har ført til at det er etablert infrastruktur som fleire felt har kunna knyte seg til. No minkar produksjonen frå fleire av desse felta, samtidig som fleire nye, mindre felt har kome til. Difor er produksjonen i dag fordelt på fleire felt enn før.

I starten valde styresmaktene ein modell der utanlandske selskap dreiv petroleums-verksemda, og i startfasen var det utanlandske selskap som dominerte leiteverksemda og stod for utbygging av dei første olje- og gassfelta. Etter kvart auka det norske engasjementet ved at Norsk Hydro kom med, og i 1972 blei Statoil oppretta med staten som eineeigar. Då blei det også etablert eit prinsipp om 50 prosent statleg deltaking i kvart utvinningsløyve. I 1993 endra ein dette prinsippet til å vurdere i kvart tilfelle om staten skal delta, og om eigardelen skal setjast lågare eller høgare. Eit anna privat norsk selskap, Saga Petroleum, kom også til. I 1999 kjøpte Norsk Hydro opp Saga Petroleum. I 2001 blei Statoil delprivatisert. Dette førte til etableringa av Petoro. Petoro tok då over ansvaret Statoil hadde hatt for Statens Direkte Økonomiske Engasjement (SDØE), som staten hadde oppretta i 1985. I 2007 fusjonerte Statoil med olje- og gassverksemda til Norsk Hydro. I dag er nær 50 norske og utanlandske selskap aktive på sokkelen. I kapittel 3 står det meir om oljeproduksjonen i dag og kva han har å seie for norsk økonomi.

Historisk tidslinje. Funnår i parentes.

Historisk tidslinje. Funnår i parentes.

Kva er petroleum?

Olje og gass blir til over mange millionar år ved at organisk materiale blir brote ned, omdanna og avsett i havområde. Mesteparten av olje- og gassførekomstane på norsk kontinentalsokkel har opphav i eit tjukt lag av svart leire som i dag ligg fleire tusen meter under havbotnen. Den svarte leira er ein kjeldebergart, det vil seie ei avsetning som inneheld ei vesentleg mengd organiske restar. Leira blei avsett for rundt 150 millionar år sidan på botnen av eit hav som dekte mykje av det som i dag er Nordvest-Europa. Dette havet var spesielt, i og med at havbotnen var død og stagnerande, samtidig som det vrimla av liv i dei øvste vassmengdene. Store mengder mikroskopisk planteplankton hopa seg opp i dei oksygenfrie botnsedimenta, for etter kvart å bli gravlagde djupare. Etter langvarig kjemisk endring gjennom bakteriell nedbryting og seinare varmepåverknad danna det seg flytande hydrokarbon og gass i kjeldebergarten.

Ved oksygenfri nedbryting av organisk materiale blir det danna mellom anna kerogen, som gir opphav til olje og gass ved høgare temperatur og trykk. På norsk kontinentalsokkel aukar temperaturen med 25 grader per kilometer djup. Etter meir enn hundre millionar år med erosjon og avleiring kan det liggje eit fleire kilometer tjukt lag av leire og sand over kjeldebergarten. Når temperaturen på kerogenet når 60–120 grader, blir det danna olje, og over denne temperaturen hovudsakleg gass.

Etter kvart som det blir danna olje og gass, siv dette ut av kjeldebergarten og følgjer minste motstands veg, styrt av trykk og permeabilitet i bergartane. Fordi hydrokarbonar er lettare enn vatn, vil olja og gassen bevege seg oppover i ein porøs bergart som inneheld vatn. Denne vandringa (migrasjonen) skjer gjennom mange tusen år og kan strekkje seg over fleire mil, heilt til ho blir stoppa av tette lag. Reservoarbergartar er porøse og alltid metta med ulike blandingsforhold av vatn, olje og gass. Mesteparten av petroleumsressursane våre er fanga i reservoarbergartar som er avsette i store delta laga av elvar som rann ut i havet i juratida. Hovudreservoaret på mellom anna Gullfaksfeltet, Osebergfeltet og Statfjordfeltet er i det store Brent-deltaet frå juratida. Store reservar finst også i sand som blei avsett på elvesletter i triastida (Snorrefeltet), i grunt hav i sein juratid (Trollfeltet) og som undersjøiske vifter i paleogentida (Balderfeltet). Sør i Nordsjøen er det tjukke lag av skrivekrit, som inneheld mikroskopiske kalkalgar, ein viktig reservoarbergart.

Leirstein og leiraktig sandstein dannar tette avsetningar som påverkar migrasjonsvegane frå kjeldebergarten til reservoaret. Dei er også heilt avgjerande for å halde petroleum på plass i reservoaret over lang tid. Tette avsetningar som ligg som eit lokk over reservoarbergartar, kallar vi takbergartar. I tillegg må reservoarbergarten ha ei form som gjer at olja samlar seg: ei felle. Når eit område inneheld både kjeldebergart, reservoarbergart, takbergart og felle, er altså føresetnadene der for å kunne finne olje- og gassførekomstar.

Den geologiske tidsskalaen (klikk for pdf)

Den-geologiske-tidsskalaen

Den geologiske tidsaksen

Fra Fakta2012 – Norsk Petroleumsverksemd.